Ein fin morgon ved påsketider i 2023 var alt som vanleg. Vi hadde ete frukost og planla ein tur til Ørsta for å besøke dottera vår Heidi. Brått som lyn frå klar himmel kom hjerneslaget til Kirsti. Full alarm til 113, først til sjukehuset på Åse, så med helikopter til St. Olavs i Trondheim. Med operasjon i tre timar så vart livet redda. Men Kirsti vart lam på heile venstre side og vart pleiepasient. Etter ei tid kom vi heim til Sykkylven og til BUAS Kortids-rehabilitering avdeling. «Velkommen, velkommen», sa dei.

Kirsti seier: «Tusen takk til alle der. Eg fekk fantastisk godt stell, pleie og kjempegod mat. Tusen takk også til Dr. Klokk som var ei god støtte i den første tida. Til jula 2023 fekk eg flytta heim til ektemannen min Skjold og det var ein stor glede. Men kva no? tenkte eg. Alt vart lagt til rett for at eg skulle få bu heime. Då dukka dei blå englane opp, heimesjukepleierane/heimetenesten. Maken til så blide og positive mennesker har ikkje vi møtt før. Dei kjem til avtalte tider i alt slags vêr, om det er vinter, vår, haust eller sommar. Dei kjem også om natta om det trengst, ja dei er fantastiske til stell, omsorg og tryggleik. Tusen, tusen hjerteleg takk for alle gode opplevingar vi har fått saman. Måtte kommunen verdsette dei enda meir med god lønn, auka bemanning og positive ting. Dei er gull verdt for folket i Sykkylven kommune».